Servicefartøy når du treng det
Sjøprodukt AS er ein lokal operatør av spesialiserte servicefartøy, med base i Kalvåg på vestkysten av Noreg. Sidan etableringa i 2018 har vi vakse til eit team på rundt 50 medarbeidarar, og vi leverer havbruksrelaterte tenester langs kysten.
Med fartøya Godfisken, Sølvfisken, Havfisken, Fjordfisken, Brufisken og Friskfisken er vi rigga for å møte oppdrettsnæringa sine behov, uansett lokasjon. Vi tilbyr eit breitt spekter av tenester, inkludert bløgging og prosessering, frakt og slep, beredskap, assistanse ved avlusing, fortøyningsarbeid, ROV-operasjonar og andre maritime serviceoppdrag.
Sidan 2019 har vi hatt eit tett og langsiktig samarbeid med Godfisken AS, eit reiarlag etablert av tolv familieeigde oppdrettsselskap i Sogn og Fjordane for å styrke beredskapen lokalt i havbruksnæringa. Gjennom samarbeidet har Sjøprodukt AS stått for drift og bemanning av fartøya til Godfisken AS, og utvikla eit nært samarbeid med både reiarlaget og eigarselskapa. Dette partnerskapet er ein viktig del av verksemda vår og speglar den tilliten og dei langsiktige relasjonane vi byggjer med kundane våre.
Vi er stolte av å vere lokalt forankra i Kalvåg, og av den nære tilknytinga vi har til havbruksnæringa langs kysten. For oss handlar det om å vere ein påliteleg partnar for dei som produserer mat frå havet.
Sertifiseringar
GlobalG.A.P.-sertifisering
Leverandørar som er GlobalG.A.P.-sertifisert oppfyller krava for trygg mat, miljømessig berekraft og velferd for både menneske og dyr.
Debio-sertifisering
Eit uavhengig kvalitetsstempel som beviser at ei bedrift produserer mat eller andre varer i tråd med norske og internasjonale reglar for økologisk produksjon.
HACCP
HACCP har som mål å sikre at all helsefare som utgjer ein risiko for mattryggleiken, er kjent, forebygga, eliminert eller redusert til eit akseptabelt nivå.
ASC-sertifisering
Merket garanterer at fisken er produsert med strenge hensyn til miljø, dyrevelferd, lokalsamfunn og arbeidarane sine rettigheiter


